søndag 17. oktober 2010

18. juli: Me vitjar Fridtjof den frøkne

Dette vart første campingferiedagen denne sommarferien. Passe utkvilde etter bryllaupsfesten i Marifjæren stod me opp, berre for å konstatere at mammao og papan hadde reist på sin ferie (til Aalebyen). Frukost vart eten, bilen ferdigpakka og karta tekne fram.

Dagen vart, som dei fleste av feriedagane, stykkevis og delt. Først til Sogndal, der me vitja ein gamal kjenning: den søndagsopne bui (Fjøra Mat). Heldigvis var det plass til alt dette i bilen (me hadde fornuftig nok lagt att dressen min i Luster, eg skulle nemleg bruka den i Isak sin dåp i september). Elles var det sjølvsagt kjekt å sjå att Sogndal, som jo var heimbygdi mi i nokre år. Kjekt var det òg å sjå Systrond då me køyrde gjennom bygda på veg til ferja på Hella. Før me kom til Hella vart det lunsj på rasteplassen ved Kvinnafossen (der eg og Stig O var på toppen ein gong).

God lunsj og ferja gjekk som ho skulle, og då var me over på bygdi som tidlegare heitte Framnes, men som no heiter Vangsnes. Her gjekk turen til Fridtjov den frøkne som er HØG. Sigrid klatra opp til foten hans og kunne beundra utsynet mot Sognefjorden og Balestrand. Vegen til Vik gjekk radig og der vart det middag som kom på bordet før me nesten fekk sukk for oss. Veldig god mat, og det passa jo fint at eg fekk sitjeplass med skodarplass til tv med innspurt av dagens etappe i Tour de France.


Sigrid og Fridtjov


Magnificent scenery


Historie på Vikøyri

Me var i utgangspunktet innstilte på at me skulle overnatta i Vik, men klokka var ikkje så ille då me var ferdige med turistruta langs fjorden, så me bestemte oss for å kome oss over Vikafjellet med det same. Ein kort matrast vart det tid til på fjellet, men det var småsurt sommarver. Nedover mot Voss byrja me å vurdere campingplassane, og på Tvindefossen såg det så triveleg ut at me sette opp teltet midt mellom E16 og fossen. Litt knoting vart det, me hadde trass alt ikkje sett opp teltet på to år, men eigentleg gjekk det bra kjapt.


Magnificent scenery 2 (frå Storesvingen mot Vik og Sognefjorden)

Telt og bil og Tvindefossen

Giftarmål

Laurdag 17. juli var me så heldige å få vera med i bryllaupet til Anne Merethe og Frode. Først var det vigsle i Dale kyrkje, noko som passa veldig greitt sidan me heldt til i Bringebakkane, før ferda gjekk til middag og fest på Tørvis Bre-, Ski- og Fjordhotell i Marifjæren. Alt gjekk som det skulle og litt til; brura var strålande, brudgomen særs nøgd, bruresvenn og -piker smilte, gjestene hadde ein flott dag, maten var laga av ein superkokk og veret brydde seg ikkje om delvis dystre prognosar på yr og liknande klovnesider.

Ta-da-ram: det offisielle biletet

PS: kakene var sjølvsagt utruleg gode :-)

onsdag 6. oktober 2010

Besøk frå Luster

Laurdag 10. juli var første feriedagen og då var me så heldige at mammao, søstao, Brage, Ada og Trym kom på visitas. Dei vart heldigvis verande heilt til tysdag, og både dei og alle lesarane er sjølvsagt hjarteleg velkomne attende til plazaen vår.

Ettermiddagen vart høvesvis roleg med ein spasertur bort til næraste skule der ymse leikeapparat og skuleområdet generelt vart utforska. Alt dette medan mammao nytte ei stille stund i leilegheita:-)

Sundagen var me på Snilsberg familiepark på Nes. Der fekk me nær-og fjernkontakt med ymse dyr. Naturstien vart utforska med alle krikar og krokar, og Brage hoppa bokstaveleg tala i høyet. Veret var i nokonlunde godlune, slik at dropane kom først når me slappa av med kaffi, is og anna snop.


Fargerik fugl


Heftige horn


Sjå!!! Eg kan stå på berre to føter!!!


Struts

Kvardagen etter søndag var naturleg nok ein måndag og såleis den første skikkelege feriedagen, og med brukbart ver so gjekk turen til Hamar og Domkirkeodden. Der vart det bading (iallfall for dei minste), vassing for dei litt eldre, såpebobleblåsing, boulekasting, badeballspel og sjølvsagt soltilbeding for dei som likar slikt. I sentrum av Hamar city vart det middag, før me fann vegen attende til Dala.

Natt til tysdagen vakna/spratt underteikna 15 cm over lakenet av at Tor med hammaren prøvde å sette karrierebeste i å skremme heilt uskuldige midt på natta. Han kunne no i det minste kome med nokre små åtvaringar borte i Furnes eller oppe på Høsbjør, men neida.

Når det lysna av dag var det (tåreblaut) avskjed, men me visste at det var ikkje lenge før me såg kvarandre att på hi sida av fjellet:-)


Det var iallfall blautt det som kom oppattefrao då me seinare på tysdagen var ein tur bortom Brio for å shoppe litt gåver

Kva skjedde før sommarferien?

Seint, men godt er det noko som heiter.

Tredje helgi i juni hadde me besøk av Tone Luise. Helga vart difor sjølvsagt nytta utandørs i det herlege veret som var på austsida av innlandsvannet Mjøsen.


Vandring på Helgøya der me var oppom Eiksberget


Geiterams stod tett på Helgøya


Utsyn sørover mot Moelv og Mjøsen

Helgi etter, altså den fjerde helgi i juni, var Signe og Svein på besøk. Same helgi var det òg den vidgjetne markeringa av at Brumunddal vart by (so laurdagane kan me no stikke ned i downtown Brumunddal). No har det gått så lang tid at me nesten har gløymt at regnet ausa ned slik eg trudde det berre kunne i Bergen og hugsar om lag berre at det var øye mykje folk og at eg og Sigrid fekk med oss ein fin klassisk konsert med Silje & Håkon with friends i Parketten (gjet kva dei produserte der i hine hårde dagar...).


Den vidgjetne Parketten

torsdag 9. september 2010

Mammatrimming

Tenkte eg skulle skrive nokre linjer om Bringebakkane 17-versjonen av Yngvar frå Fortun, nemleg mammao. Ikkje veit eg kor mange gonger eg i sommar har fått meldingar ala "e pao Storehogen med Heidi, kjempever, heilt stilt", "Sit i Fuglesteg eg no. Flott", "Hei, sit pao Molden og ser innover Lustrafjorden" og "Fanaråken no. 2 og ein halv time opp." Eg og og Sigrid fekk æra av å vere med på ein av dei utallige Bergeturane i vår, og det var ikkje få gongene namnet hennar stod i boki halvveges upp bakken.


Mammao føre, og tante Randi rett bak

Så får me sjå om mammao finn brattare og lengre bakkar neste år;-)

Konklusjonen er okke som, mammao e øye sprek:-)

tysdag 17. august 2010

Ei lita oppsummering

Det sit visst nokre der ute og ventar i spaning på blogging frå diverse hendingar i sumar. Til det er det berre å seie at det nærmar seg.

Me har, for å seie det varsamt, hatt visse utfordringar knytt til investering i ny pc. Long story som det heiter, men no har både Elkjøp og elektrikaren gjort sitt, og me trur at alt heretter går bra.

Dermed vil det vonleg i løpet av ein månad dukke opp mange bilete og tekst (berre litt slik at også Petter gidd å lese) frå besøk av mammao og Lena og ungane, det flotte bryllaupet til Anne Merethe og Frode og halvanna veke bilferie der me mellom anna vitja Bente & co i Ålgård. Og sikkert litt til.

Og i morgon får me besøk av Christa og Piet so dao e da å fao repetert alle tyskkasusa att:-)

Stay tuned so papan brukar å seie!

søndag 6. juni 2010

Turorientering

Då er sommaren her og dermed er me sjølvsagt i gong med turorienteringa her i Ringsaker. Og me let oss ikkje skremme av nokon ulv (som rett nok vart skoten hin dagen). Me byrja førre helg med Storihlehagan (langs Mjøsa i retning Jessnes) der det vart reint bord på laurdag med 10 av 10 postar, før me var på Storsvehøgda ved Moelv sist søndag og vitja 7 postar.

I dag vart det 8 nye postar på Storsvehøgda og me er då ferdige med det området òg. Me er faktisk halvveges med postane no, 25 av 50, så me er sikkert ferdige med alle før fristen i september:-) Satsar vel eigentleg på å bli ferdige før sommarferien, slik at me kan gå på topptrimmen i august og september. For full statistikk på turorienteringa; sjå margen til høgre.


Post 6 (grøftedele i Storihlehagan, 9 poeng) vert klipt